SILKeTema: Kloden vår burde hete havet, ikke jorda.

Arrangementsinformasjon

Per Anders Todal er frå Nordmøre og har arbeida i den nynorske vekeavisa Dag og Tid. I Havlandet blir naturvitskap, historie, mytologi og ramsalte reportasjar vevde saman til ei stor og rik forteljing om Noreg og havet. Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska sidan steinalderen. Forfattaren tek i foredraget lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane, frå oppdrettspionerane på Lovund til dei siste kvalfangarane i Nordsjøen. Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis. Stikkord er Sild er makt. Laksepiratane. Torskefusk.

Arrangeres i samarbeid med Skudenes Historielag.

Billetter, kr.100,- kjøpes fra og med 10/10 kl.10.00  på   silk.ticketco.no    og Norli Skudeneshavn.

peranderstodal
hyllesttilhavet
museetimælandsgården
silk2019
silkfestivalen
skudeneshavn

Restriksjoner

Ingen.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter blir ikke refundert.